Vi har ansvar for verdas største moralske krise

I høvet «Earth Day» 22 Apil kunne ein sjå mange idealistiske bodskap om miljø, ansvar og solidaritet flyte rundt på sosiale medier. Denne dagen legg vi vekt på vårt felles ansvar for miljøet og alle som lev på jorda. Tross alt sit vi alle i same båt (altså jordkloden). Men i desse idealistiske utsegna var eit fundamentalt punkt meir eller mindre heilt utelatt; Vi har stadig makt og ansvar for verdas største moralske krise.
Brennende jordklode i to hender
Illustrasjonsfoto: Cristian Ibarra, Pixabay

Med makt og privilegier kjem ansvar. Verda sin tilstand er i dag slik at vi har eit ufatteleg moralsk ansvar i hendene. Vi har val. Vi kan velje å personleg bidra til maksimal lidelse og destruksjon i løpet av vårt eige liv. Korleis? Ved å kjøpe, ete, normalisere og promotere konsum av animalske produkt, kvar einaste dag. Dette høyrast kanskje urimeleg ut, med det er utvilsamt tilfellet. Å ete animalske produkt er ein garanti for enorm lidelse for andre dyr, grov miljødestruksjon, artsutrydding, PTSD for slakteriarbeidarar, ressursmangel og pandemiutbrot. Noreg bidreg til desse problema i høgste grad, sjølv om mange trur at Noreg på mystisk vis har heilt andre praksisar enn alle andre land i verda. Det er feil. Metodane for å ‘produsere’ dyr er standardiserte fordi dei er billege og praktiske. Det er slik all industri må fungere, spesielt med stor etterspurnad. 

Problema er universelle i alle industrialiserte samfunn som eter dyr.

Det er verdt å spørje seg – for kva?

Er det verdt å kverne 3 million levande kyllingar i Noreg pr år – for egg?

Video: Youtube

Er det verdt å skyte, gasse og slå ihjel livredde små barn (som tilfeldigvis også er dyr) – for snacks?

Video: Youtube

Er det greit å finansiere verdast mest miljødestruktive, risikable og valdelege industri – fordi det er ‘normalt’?

Burde vi velje det som er ‘normalt’, koste kva det koste vil?

Er desse moralsk akseptable val?

Video: Youtube

Problema har ei kjerneårsak

Vår felles haldning til andre dyr som ‘produkt’ som alle har rett til ubegrensa forbruk av er kjerneårsaka. Denne haldninga er sannsynlegvis livet på vår planet sin aller største trugsel, og er objektivt sett opphavet til meir årleg lidelse for dyr, enn det menneske kollektivt har lidd gjennom fleire hundre år. Vår felles feigheit, ansvarsvegring eller mangel på kunnskap eller samvit mogeleggjer denne haldninga sin absolutte vondskap og rov på våre eigne barn, planeten og milliardvis av dyr som sin einaste feil var å bli fødd sårbar. Det er alltid dei mest sårbare vi behandlar verst, i dette systemet.

Alternativet

Ulike typer bønner

På den andre sida, har vi eit val nummer to.

Alternativet til det over, er å velje å ta personleg ansvar for vår rolle ved å radikalt redusere eller eliminere forbruk av animalske produkt.

Foto: Ariel Núñez Guzmán, Pixabay

Vi kan velje å leve i samsvar med verdiar som godheit, sjenerøsitet, ansvar, helse og liv – for alle.

Foto: S. Hermann & F. Richter, Pixabay

Dette er ein garanti for å redusere enorm lidelse for andre, forbetre miljøet, redde artsmangfald, redusere ressursmangel, betre vår eigen helse og kraftig redusere risiko for pandemiar.

Dette valet krevjar litt viljestyrke, men er i praksis ganske enkelt. Ein bytter ut noko av maten ein et.

Video: Youtube

Ein les bak på emballasjen. Ein seier «veit du, eg tek heller den der» på restaurant. Jo fleire som gjer det, jo enklare for alle.

I moralsk status står vi saman med alle som kan lide.

I moralsk ansvar står vi høgst. Det er ikkje omvendt. Makt gir ansvar, ikkje rett. 

La oss gjere vårt for ei betre verd. Verdas vitskapssfolk, helseekspertar og miljøpanel sine tal er klare – industriell dyreproduksjon må avskaffast så fort som mogeleg, og vi ete noko nytt og betre. Dette er vår moralske plikt ovanfor jorda, og alle dei som ikkje er oss sjølve.